top of page
Fjelltur

Fjelltur: For dei som kjem tidleg til Førde, er ein fottur i den Sunnfjordske fjellheimen ei moglegheit! Alt etter vêr og forhold, vil turmål bli fastlagt den samme veka. Trine Knutsen stiller med tursekk og godt humør!

Registrering
20200616_182156.jpg

Registrering: Når du kjem, må du registrere deg i sekretariatet. Det ligg ved Sunnfjord kulturskule sin hovudinngong, i 2.etasje. Innsjekk på hotell er separat frå registrering.

Ustillingene
fløyte

Utstilling: Instrumentforhandlarar og noteforhandlarar kjem til å vere tilstade under festivalen, og du vil kunne prøve fløyter av alle moglege merker og materialer. Vi oppmodar festivaldeltakarar til å besøke utstillingane og helse på våre trivelege støttespelarar!

Gorset
hans%20olav%20gorset_edited.jpg

Hans Olav Gorset er ein bauta i norsk tidlegmusikk-samanheng, og vil halde ein temabasert workshop som går over alle tre dagane. Denne passar for studentar, pedagogar og amatørar som kan spele ein Telemann-fantasi. Gorset er professor ved NMH, og underviser både i teoretiske og utøvande fag.

Kulturnatt

Den 9. juni er det kulturnatt i Førde. Kulturnatta er kulturlivet sin årlege samankomst, der det både finst eit program, men også mange aktørar som gjer ulike stunt og framføringar utan at det er annonsert. Målet er å fylle byen med liv og røre! D.v.s. at om ein gjeng frå din kulturskule har noko som dei vil framføre ute i sentrum ein stad, er det fritt fram. Bladlese samspelsstoff med kolleger? Bassfløyteimpro over poesiresitasjon? Allereie gjort, men toler gjentaking! Bli med på å fløytebombe kulturnatta!

Pedagogbrevkasse

Pedagogbrevkasse: Mange av oss som underviser på fløyte, har få fløytekolleger å sparre med i kvardagen. Difor inviterer vi pedagogane til å komme til ei uformell kaffestund der ein kan sende inn problemstillingar på førehand, og nokre kjem kanskje på dei der og då. Tips, tankar om den gode praksis, hjelp og råd: Storkollegiet trår til! Send inn problemstillingar, utfordringar o.l. til helga.lied.wyrtz @ sunnfjord.kommune.no

bottom of page