Tilbod ungdom under 18. år
UNGfestival vil innehalde nokre fellesøkter med samspel o.l., men også mesterklasser og økter med mindre grupper. Inndeling vil skje i samarbeid med lærarar. Det blir også artige kurs i å lage seljefløyte og grønsaksinstrument!
Bidragsytarar i Ungfestivalen er Jasmina Zivic (Operaen i Kristiansund, Kinda Trio m.m) Gro Sandvik (professor emirata ved Griegakademiet, og tidl. solofløytist i Bergen Filharmoniske orkester). Gareth McLearnon (Haynes-representant i Europa, komponist, arrangør, og solist). Morten Mortensen (lærebokforfatter av serien: Jeg spiller det jeg hører, og Spill fløyte. Crossover-musiker, undervisar i kulturskolar, og vidaregåande)
Tilbod studentar
Lena Kildahl
Anna Garzuly
Trond M. Brekka
Gareth McLearnon
Tilbod vaksne
Studentar er sjølvsagt med i vaksenfestivalen, men har rabattert pris. Blant tilboda som passar spesielt godt for studentar og TUP-elevar, er mesterklasser med Anna Garzuly, Lena Kildahl, og Trond Magne Brekka. Trond Magne vil ha fokus på utdrag frå Sjostakovitsj sine symfoniar, både fløyte- og piccolostemmer. Og så må ein gripe sjansen til å delta i Sjostakovitsj Festivalouverture for fløytekor med; Gareth McLearnon!
Delta på øving og framføring av Sjostakovitsj Festivalouverture for fløytekor med Gareth McLearnon! Ein kan også delta på mesterklasse med Trine Knutsen eller Lars Asbjørnsen. Desse passar både for vaksne amatørar og profesjonelle. Morgonoppvarming, foredrag, konsertar, workshops og mingling står på innhaldslista, og lista veks stadig!