top of page

19:30 Opningskonsert

Opningskonsert

På festivalens opningskonsert får vi høyre søstrene Ingrid og Maria Ose i brilliant samspel! Dei to søstrene har m.a. starta sin eigen festval, Ose Kammerspel, og har teke stega ut i verda frå Sandane, der dei vaks opp.


Oslofilharmoniens solo piccolo, Trond Magne Brekka, har gjort reisa gjennom fleire norske orkester, og skal spele både åleine og saman med sine tidlegare studentar. Det vert piccolospel av klasse!


Komponist Erik Stifjell har i samarbeid med kvedar og Distriktsmusikqar Malin Alander frå Sandane valgt ut folketonar frå regionen. Desse har han brukt som basis og inspirasjon for ein komposisjon som utframførast av professor Lars Asbjørnsen frå Arktisk Universitet i Tromsø. Lars har flytta tilbake til Noreg etter fleire tiår på kontinentet som utøvar og professor, og er også leiar for NFF! Erik Stifjell er stipendiat ved Arktisk Universitet.



  • Instagram

19:30 Opningskonsert
bottom of page